fredag 22. mai 2020

Den lille mareritt-butikken og kile-krisen


Av Magdalena Hai
Illustrert av Teemu Juhani
Oversett av Oskar Vistdal
Fontini Forlag, 2020
60 s.
Målgruppe: 6-9 år
Bokmål


Boka handlar om Nina, 9 år, som ynskjer seg veldig ein sykkel. Ho har ikkje pengar til dette og er på jakt etter ein jobb, men kven vil tilsetja ein 9-åring?

På jobbjakt dumpar ho innom «Den lille mareritt-butikken», som har lapp i vindauga om at den treng ekstrahjelp. Der finn ho det som syner seg å vera butikkeigaren, Marek Rittersen. Han ligg på golvet med sterk latterkrampe, fordi han har fått på seg kilepulver.

Nina får hjelp av spøkelset Petter til å gå på jakt, i den rotete butikken for å finna omvendt kilepulver. Når dei har funne dette får dei gjeve det til Marek og kurert han.
Nina får jobben som ekstrahjelp.

Dette var kan hende ei tørr og nøktern omtale, men den passar til boka.
Historia tok aldri av og var raskt over. Den var ikkje særleg spanande eller artig, men den var lett å lesa.

Det som løftar boka nokre hakk er illustrasjonane. Dei er nesten betre enn forteljinga, og inneheld mykje humor. Til dømes står det på krukka med kilepulver «Advarsel, må ikke brukes av noen», medan det på krukka med omvendt kilepulver står «Advarsel, må brukes av noen». Og slik humor er det i mange av illustrasjonane.

Boka er opphavleg på finsk, og den norske omsetjinga er skjemma av overdriven bruk av bindestrek. Om det er omsetjaren som freistar å gjera boka meir lettlesen på denne måten, eller om han vil unngå raude strekar frå stavekontrollen er uvisst, men ord som øye-epler, butikk-eier, iskrem-selger, og ikkje minst mareritt-butikken bør alle skrivast som eitt samanhengande ord.

Boka er lettlesen og passar for born i alderen 6-9 år.
Dette er fyrste boka i ein serie om butikken. Den neste boka i serien kjem til hausten og skal handla om ein tannlaus vampyr. Ein får vona at den historia ikkje er meir tannlaus enn denne.

Ein liten ekstra effekt er ved boka er at spøkelset på framsida lyser i mørkret.


Anmeldelse skrevet  av Roger Dyrøy, Mandal fengselsbibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.