Av
Fredrik Opheim & Simen Moesgård
Illustrert
av Kristin Olsen Askland
Bespoke
publishing, 2022
137
s.
Målgruppe: ?
Bokmål
Far til
Georg er urmakar og driv klokkebutikk i byen Milnoa og Georg på 10 år hjelper
far sin i butikken. På faren sitt reparasjonsrom får ikkje Georg lov til å gå
inn. Det er hemmeleg.
Ein dag kjem
ikkje far til ut frå rommet til avtalt tid, og Georg snik seg inn på rommet. Han
oppdagar at faren har forsvunne. På arbeidsbenken til faren ligg eit armbandsur. Georg prøver det og
oppdagar at han kan reisa i tid.
På reisa
møter han Kronos, han seier at er ven med faren og passar på at tida går som
den skal. Han seier at far til Georg truleg sit fast i tida ein stad og at
Georg er den einaste som kan redda han.
Då Georg
kjem attende til si tid treff han systera si Guro.
Og boka
handlar om korleis dei to reiser att og fram i tider med ulike klokker på jakt
etter faren. Det er ikkje så stor spoiler å seia at dei mellom anna oppdagar at
Kronos ikkje er snill og at det går bra til slutt.
Dette var
ei merkeleg barnebok.
Boka har
god skrift, store margar og fargerike illustrasjonar. Fyrsteinntrykket av
omslaget var at den virka litt 70-/80-tals i design og teiknestil.
Innhaldet
er også forvirrande. Det er ein progresjon i forteljinga, men den hoppar innom
mange ulike element, som ei heks som vil eta borna, ein magisk leikebutikk, ein
stad der Georg og Guro vert babyar, som er medvitne om at dei ikkje er det, ein
snakkande fisk, astronautar og eit område som minnar om Area 51. Er det ei eventyrbok,
ei science fictionbok? Eg tykkjer den freistar å vera mykje men endar difor med
å ikkje vera noko av delane.
Det som
er interessant for oss vaksne er at etter hovudforteljinga kjem eit kapittel
som heiter «Til høytleseren», der forfattarane fortel kvifor dei har laga boka
og også forklarar kvifor den er som den er, kvifor personane i boka heiter det
dei heiter og kva alle dei ulike klokkene i boka har å seia.
Og det
som kjem fram er at denne boka er laga av to veldig klokkeinteresserte menn frå
Arendal, som har skrive historia for på ein måte å fortelja born om klokker, og
få dei interesserte i desse. Det er også laga eiga nettside klokkeboken.no og
forlaget er det også forfattarane som står bak.
Alle
personane er på sitt vis ulike personar som har hatt innverknad på klokker i
historia, og med klokker meiner ein då armbandsur.
Om
resultatet er vellukka er eg meir usikker på. Historia virka for min del veldig
variert og springande. Den har ein viss tråd med borna som leitar etter faren,
men klokkeelementa som skal flettast inn vert diverre ikkje heilt vellukka.
Kven
passar boka for?
Eg testa
boka på ein 10 år gamal gut, og han vart ikkje fenga. Eigentleg tenkjer eg at
vaksne som er over gjennomsnittet interesserte i armbandsur, kan ha glede av
boka som ei slags «finn Willy» bok. Der dei skal freista å skjøna dei ulike
klokkereferansane som ligg gøymt i personnamna og historia.
Kan hende
teknisk interesserte gutar i 10-11 årsalderen kan lika boka, men den kan også
virka for barnsleg på desse. Dei vil kan hende ha meir glede av kapittelet «Til
høytleseren», som er meir teknisk av seg.
Boka er
tenkt til høgtlesing, men igjen er eg usikker på for kva målgruppe.
Anmeldt av Roger Dyrøy, bibliotekar Mandal fengsel