tirsdag 4. mai 2021

Ein lykkeleg slutt


Av Maren Uthaug
Oversatt av Ingvild Holvik
Samlaget, 2021
375 s.
Nynorsk


Handling: 
Hovedpersonen i denne boka er Nicolas som driv familieverksemda, eit gravferdsbyrå i København. Han er enkemann og far til tvillingane Liliane og Christian den sjette.  Gjennom Nicolas får vi skildra familiehistoria frå Christan den første som driv i land på Stillehavsøya Tikopia etter eit skipsforlis på 1800-talet. Og det er litt av ei familiekrønike vi blir fortalt!

Den vesle øya kan kun brødfø 990 menneske. Det er derfor ikkje lov å få barn utan løyve frå hovdingen, og uønskte barn må drepast før dei treng fast føde. Ulovlege foreldre må ta livet av mange spedbarn og gravleggje dei i umerka graver utan å sørge.  Den nyfrelste Christian synes dette er ein underleg skikk og tek på seg å be for sjelene til dei små. Han møter ei kvinne som har gravlagt sitt nyfødde barn og gifter seg med henne. Saman får dei rollen med å ta livet av alle uønskte spedbarn og gje dei ei verdig gravferd. Dei får lov til å føde ein son som dei kallar Christian etter faren.  Då Christian den andre er 9 år, blir mor hans gravid på nytt og veslesystera hans blir fødd utan løyve. For å redde henne, set broren seg i en kano og let seg drive til havs. Han blir langt om lenge redda av eit skip og teken med til Nederland. Etterkvart ender han og kjærasten opp i København, der gravferdsbyrået blir etablert,  utvida og utvikla gjennom generasjonar.  
Kvar generasjon har sine spesielle særtrekk og gjennom boka blir vi kjende med desse forfedrene. Christian 2. spesialiserer seg på gjengangar og varsel, Christan den 3. brenn dei døde (kremering) Christian den 4. ser og snakkar med dei døde, medan den nolevande Nicolas er nekrofil. 

Vurdering:
Denne boka er ikkje for sarte sjeler eller for dei som er opptekne av det realistiske. Forfattaren pøser på med spesielle, avvikande og dysfunksjonelle personar. Personskildringane er nokså overflatiske, men dette fungerer som eit tilbakeblikk og ei reise gjennom familiehistoria. Lesaren blir presentert for pest, kolera, syfilis, fattigdom, galskap, spøkelse og svært mange lik. 

Det nynorske språket flyt lett. Språket er fargerikt og direkte og fortel historia på ein grotesk, men svært engasjerande måte. Det er god flyt gjennom heile boka.

Forfattaren formidlar også mykje kulturhistorisk kunnskap om synet på døden, skikkar og handsaming av dei døde opp gjennom tidene, men sjølve essensen i boka er nok forteljinga om dei ulike Christianane, særtrekka deira og kva som førte til at dei vart som dei vart. 

Boka passar for vaksne lesarar som vil ha ei god røverhistorie og som ikkje er redd for groteske detaljar.

Emne: Døden og gravferdsritualer, Spøkelser/Gjenferd, Oppvekstvilkår, Nekrofili


Anmeldt av Kristin Flo, Arendal bibliotek



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.