tirsdag 18. mai 2021

Den forsvunne markien

Av Nancy Springer
Oversatt av Carina Westberg
Cappelen Damm, 2021
215 s
Bokmål



Nancy Springer (Amerikansk, fødd i 1948 og har skrive over 50 bøker)

Bok nr 1 i serien Et Enola Holmes-mysterium.

Boka handlar om Enola Holmes, forteljarstemma i historia og er den ukjende veslesystera til Mycroft og Sherlock Holmes. Ein attpåklatt som ikkje har hatt noko kontakt med dei eldre brørne sine sidan gravferda til faren, og då var ho 4 år.
No er ho 14 og bur saman med mora. Men mora treff vi aldri, for ho forsvinn allereie i fyrste kapittel, som går føre seg på bursdagen til Enola.

Historia har eit fint driv og vi fylgjer Enola i si eiga etterforsking av forsvinninga til mora. For Enola er ei skarp jente som til liks med mora, ikkje vil puttast inn i rolla som kvinnene på slutten av 1800-talet er meint å ha. Enola er sjølvstendig og frittenkjande, går i knickers og syklar. Ho jobbar best på eiga hand, og er den som har best føresetnader til å løysa saka sidan ho kjenner mora best. Enola får mellom anna ei bok om blomsterspråket samt eit hefte med kryptogram i gåve av mor si på 14-årsdagen, og desse vert viktige i løpet av historia.
Og kva med markien frå tittelen, eg lurte lenge på dette, for mora var lady ikkje marki. Men han dukkar opp etter kvart.

Boka er ei fin detektivforteljing, som eg meiner høver best for jenter frå 13-år og oppover.
Eg meir enn mistenkjer forfattaren for å vera kvinnesakskvinne, og tenkjer mellom anna difor at gutar ikkje vil kjenna seg så mykje att i hovudpersonen og mange av dei tinga ho er oppteken av som jenter. Jenter som har vakse frå Frøken detektiv vil nok finna Enola som ein god arvtakar før dei seinare går over på kriminalromanar for vaksne.

Fins det noko å trekkja på boka som har vunne Edgar-prisen?
Litt.
Historia om Enola Holmes startar med to startkapittel før kapittel 1. Truleg for at lesaren skal skjøna at han eller ho har spanande saker i vente, berre ein ikkje sluttar å lesa etter 1. kapittel.
Det hadde sannsynlegvis vore nok med eit av desse, truleg det fyrste. Og det er ikkje sikkert ein hadde hatt behov for det heller, for historia har godt driv frå starten.

«Jenta som overlister verdens største detektiv» står det på framsida. Som Sherlock Holmes kjennar kan eg ikkje seia at eg er heilt samd i dette. Ho lurer Sherlock eit par gonger, men han har heller ingen føresetnad for å vita det ho veit, utan at eg avslører for mykje. Ho er også stor beundrar av Sherlock og nyttar hans metodar fleire gonger. Og han er stort sett positivt omtalt.
Men Sherlock vert også tillagt enkelte meiningar som er farga av forfattaen sine haldningar og ikkje av det vi veit frå historiane av Sir Arthur Conan Doyle.

Dette er fyrste boka om Enola. Det har kome 6 bøker på engelsk, og det kjem nok ikkje fleire enn desse, men dei vart skrivne så tidleg som 2006-2010. Ein kan lura på kvifor dei ikkje har kome på norsk tidlegare. Det var truleg Netflixfilmen som vart lansert hausten 2020 som fekk det i gang. Men Netflix fylgjer ikkje denne boka i særleg grad så har du sett filmen, har du mykje spaning i vente ved å lesa boka.
Eg røper heller ikkje for mykje når eg seier at Enola etablerer seg som ein ekspert på å finna forsvunne personar og at ho og Sherlock sine vegar kryssar kvarandre i fleire av dei komande bøkene. Eg vonar alle vert omsette til norsk.


Anmeldt av Roger Dyrøy, Fengselsbibliotekar Mandal

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.