tirsdag 2. april 2024

Oskar og eg

 

Av Maria Parr
Illustrert av Åshild Irgens
Samlaget. 2023
196 s.
Målgruppe: 7-11 år
Nynorsk


Når boka har klistremerke på framsida som seier  «Brageprisen – Vinner 2023» så må eg vera forsiktig med å kritisera den tenkte eg då eg opna boka. Men det var heller ikkje naudsynt å gjera, for det var ei god bok.

Boka handlar om syskena Ida og Oskar, og det er Ida som er eg-stemma i boka. Ida er 8 og Oskar er 5 år.

Historia er lett å kjenna at for dei som har små born eller dei som har vore små ein gong og framleis hugsar korleis det var. Ein fylgjer søskena og foreldra deira i opp- og nedturar. Og i kvardagen elles, igjennom ulike bitar av eit år. 

Det er ei bok som er inndelt i kapittel med ulike tema men som samstundes heng saman i ei tidsline, så ein kan ikkje hoppa som ein vil.

Det er ei bok som er innom tema som det å verta større, det å vera både vener og uvener, samt livet og døden. For det er fleire som døyr i boka også, men dette vert handtert på ein varm og god måte.

Boka er både morosam og alvorleg. Nokre stader måtte eg flira litt for meg sjølv, som då heile familien har spysjuka. Ikkje noko som i seg sjølv er så artig, for dei som har vore med på det, men det er skildra på ein levande og morosam måte.

Og skildringane i heile boka er svært levande. Det er ikkje vanskeleg å sjå ting føre seg, korkje for store eller små.

Boka inneheld også mange små illustrasjonar som stort sett fungerer som ei utfyllande støtte i forteljinga, men nokre gonger var ikkje illustrasjonane lik det eg såg føre meg då eg las.

Denne boka er godt tilpassa høgtlesing, både i små og større grupper, og den kan lesast åleine. Men eg tenkjer at dei minste i målgruppa kan hende vil ha ein del spørsmål til ein vaksen etterpå så det kan vera lurt at ein vaksen les boka fyrst så dei er førebudd. Det tek ikkje lange tida og er verd det for den vaksne også.

Det eine kapittelet inneheld til og med ei åtvaring om at det bør hoppast over for dei som framleis får den ekte nissen på besøk. Kvifor må de lesa sjølv for å finna ut.

Boka har godt nynorsk språk og litt stor skrift.

Boka høver godt både til gutar og jenter og inkluderer ein høgtlesing vil eg seia at den høver for born i alderen 7-11 år.



Omtalt av Roger Dyrøy, Fengselsbibliotekar Lindesnes


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.