mandag 14. april 2025

Jakten på nabotrollet

Av Salamatu Winningah
Illustrert av Elif Zeynep Türkoğlu
Bedrevi, 2024
55 s.
Målgruppe: 5-8 år
Bokmål


Boka startar med 2 vener på tur. Kalib i rullestol og Selma som skubbar rullestolen. Og så tek historia av, det vil seia rullestolen tek av. Den flyr.

Boka handlar om at det har flytta inn ein ny nabo i skogen attmed der dei bur, og dei konkluderer etter kvart med at det må vera eit troll. For kven elles vil bu i ein mørk skog. Det prøver å åtvara bestefaren til Kalib om trollet, men han ser ikkje ut til å skjøna kva dei meiner. Mor til Selma seier at det kan jo hende at trollet er snilt. Så Selma bestemmer seg for å finna det ut.

Dei dreg på utforskingstur men tykkjer huset i skogen er skummelt, så dei rømer i ein fei, og gløymer att bamsen. Kvifor brukar dei ikkje flygeevnene til rullestolen i slike tilfelle?

Då dei kjem attende oppdagar dei at mannen som bur i huset er krittkvit og at bestefaren til Kalib er på besøk der. Dei vert invitert inn og finn ut at den krittkvite mannen bur i huset i skogen fordi han ikkje toler sol. 

Det står ikkje kva der er med han. Er det albinisme? Vi får ikkje svar på det. Men borna konkluderer med at det er best å finna ut sanninga om ting før ein bestemmer seg for kva ein skal tru. Og det er nok også føremålet med å laga boka.

Dette er den andre barneboka av same forfattar og illustratør. Forlaget boka er gjeve ut på er eit forlag som vil oppmuntra folk med minoritetsbakgrunn til å skriva og for å fremja aksept og normalisering av kulturelt mangfald i samfunnet. Og det ber historia preg av. Den vil litt for mykje i så måte.

Det er også element eg stussar på, som til dømes den flygande rullestolen. Det hadde ikkje gjort noko for forteljinga om det var ein heilt normal rullestol.

Båe borna kjem frå ulike minoritetsfamiliar. Kan hende det er fint å ha bøker å kjenna seg att i, men det treff ikkje alle.

Eit grafisk element som også er forstyrrande er dei utheva setningane i ulike fargar gjennom boka.

Og ein plass i boka byrjar Kalib å prompa av nervøsitet. Det er sikkert meint å skulla vera morosamt, men det er også eit unødvendig element.

Illustrasjonane er freistar å understreka forteljinga så godt dei kan, og lukkast stort sett. Men at det står Reva 1000 på ein handlepose, er det ein freistnad på prompehumor? Det hadde ikkje gjort noko om det faktisk stod Rema….

Eg testa boka på ei på 9 år og ho tykte ikkje boka var spesielt spanande, men heller keisam å lesa. «Og trollet var jo berre ein kvit fyr.»

Fargeleggingssider bak i ei bibliotekbok kjem nok heller ikkje til å leva lenge…

Kan hende boka høver betre for mindre born, sjølv om det er ein del tekst. Og kan hende som høgtlesing. Alder 5-8 år vil eg tru, men innhaldet treff som sagt ikkje alle.


Omtalt av Roger Dyrøy, Fengselsbibliotekar



 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.