tirsdag 15. mars 2022

Håndball eller helvete


Av Johanne Scheen Jahnsen
Aschehoug, 2021
239 s.
Målgruppe: Jenter 7. - 10. trinn
Bokmål


Dette er definitivt ei bok for jenter!

Då eg las den sat eg og vrei meg i stolen gjennom dei fyrste kapitla fordi eg vart utsett for østrogenbombing som berre jenter tidleg i tenåra kan driva.

Det var intriger mellom veninner, det var menstruasjonsplager og kviser, det var baksnakking, det var kjæresteri, det var talande blikk, det var førehandsdøming av personar ein ikkje kjende eller som var annleis, det var kven og kva er kult og moteriktig og ikkje. Det er så typisk tenåringsjenter at ein nesten ser rosa etterpå. 

Men då eg hadde kome gjennom det verste i starten, som sikkert er naudsynt for å teikna bakteppet,  var boka veldig god.

Boka handlar om Vilma på 14 år som spelar handball. Historia startar når sumarferien startar og går gjennom nokre veker av ferien.
Vilma har to veninner som heiter Katti og Ingfrid. Dei er også på handballaget og er veldig opptekne av å ta seg bra ut for gutane. Dei har nokre gutar dei særleg har blinka seg ut. Dei er også opptekne av å gå rett kledd og vera med ei rette folka.
Ein får tidleg inntrykk av at Vilma ikkje er heilt i den same båsen i så måte. Ho vil gjerne bli god i handball og vil vera saman med venninnene, men ho kjenner også på at ho til dømes gjerne vil gå i andre klede enn sommarkjolar og ha rosa neglelakk.
Vilma treff Jacob som er nevøen til naboen og vert kjend med han. Han representerer eit anna miljø og Vilma møter gotharar og folk som driv med rollespel i staden for å gå på stranda eller vera saman med dei kule.

Boka tek i stor grad føre seg korleis Vilma vert dregen mellom dei to miljøa. Ho kjempar mellom det å vera med dei kule og moteriktige veninnene samstundes som ho likar å vera saman med Jacob og venene hans og spela rollespelet UGH – Underjordiske Gugge-Helvete. Og ho likar Jacob meir og meir…., men vil ikkje at handballveninnene skal skjøna det eller sjå dei saman.

Det er i denne konflikten boka verkar veldig truverdig og klarar å vera ei god bok. Den omhandlar popularitetskravet i konflikten med å tørra å vera seg sjølv, som svært mange unge er oppe i, på ein god måte. Og vi fylgjer Vilma sitt strev med å finna ut av kven ho er for å vera tru mot seg sjølv.

Eg skal ikkje røpa korleis det går til slutt, bortsett frå at det på sitt vis endar godt for Vilma.

Det beste sitatet frå boka, som oppsummerer mykje, er: «Man er ikke venner hvis man skjuler det.»

Etter å ha lese den tenkte eg på at det var litt overraskande at ei bok om jenter tidleg i tenåra ikkje hadde med noko om at dei brukte sosiale medier i kommunikasjonen eller når dei skulle vera stygge med kvarande. Dei hadde ikkje mobilen klistra til handa slik det ser ut til at unge i den alderen har i dag. Dei avtalte møte muntleg, eller på sms. Og er det heilt vanleg i dag? Det gjorde ikkje noko for handlinga, men eg stussa berre litt over det i etterkant.

Boka har godt språk, god flyt og god driv. Temaet er engasjerande og veldig aktuelt og eg tykkjer boka gjer jobben sin godt.

Kan boka tilrådast? Absolutt, men ikkje for gutar. Eg vil setja alderen til jenter på ungdomstrinnet eller 7.-10.klasse.


Omtalt av Roger Dyrøy, Fengselsbibliotekar og far til born i målgruppa.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.