tirsdag 28. september 2021

Svarttrasta syng om natta

 

Av Tone E. Solheim
Samlaget, 2021
261 s.
Målgruppe: Ungdom 12-16
Nynorsk


Tone E Solheim (f. 1989) kjem frå Jølster i Sunnfjord kommune. Svarttrasta syng om natta er den første romanen hennar.

Edith og Martha har byrja i første klasse på vidaregåande. Dei har ikkje så mykje til felles, men begge slit i tilvera. Edith bur i ei kjellarleilegheit saman med far og storesøster etter skilsmissa til foreldra. Ho hatar alt og alle og har ein ganske utagerende åtferd. 

Martha har vore i ei bilulykke der faren omkom og ho sjølv vart stygt skadd. No bur ho saman med mor og storebror.  Martha slit med panikkangst, og har arr på kroppen ho ikkje vil visa til nokon. I motsetning til Edith er ho mild og omtenksam. Martha merkar at Edith slit, og prøver å bli venn med henne. Dei er eit umake vennepar og vennskapen blir ikkje så enkel. Marthas bestevenn Max prøver å åtvara henne. Etter at Edith på ungdomsskulen dytta Max ned ei trapp og utbasunerte for heile skulen at han var homo, har han hatt eit anstrengt forhold til henne. 

Edith er uberekneleg, uteblir frå avtalar og er ofte sur og avvisande. Det blir mange misforståingar, avvisninger og nye sjansar.

Innimellom opplever jentene fine augneblinkar og vi blir vitne til ein gryande forelskelse.

Historia blir fortald av begge jentene, dei kjem til orde i annethvert kapittel. Dette forteljargrepet gjer at vi får ei fin skildring av korleis forelskelsen utviklar seg. Musikk er viktig i boka, Martha er Beatles-fan som den avdøde faren sin og introduserer Edith for denne musikken. 

Bølla Sivert har òg ei rolle i historia. Edith har kasta noko som tilhøyrer han. Dermed skylder ho han pengar (pengar ho ikkje har), og prisen går stadig opp. Edith har òg to venninner som ikkje akkurat gjer tilvera hennar lettare.

Språket i boka er stilsikkert og inneheld mange originale bilde. Forelskelsen er vart og fint beskrive. Det er òg flott å lesa ei historie om to jenter som forelskar seg i kvarandre utan at det at dei er av same kjønn blir gjort eit stort nummer av. Det som speler ut seg utanfor forelskelsen blir ikkje alltid følgt heilt opp. Historia med Sivert verkar ikkje heilt truverdig, eg savnar òg litt meir om korleis det går med vennskapen mellom Martha og Max. 

Dette til trass, Tone Solheim har skrive ein fin roman om to jenter som fell for kvarandre.


Anmeldt av Barb Lamprecht Wang, Agder fylkeskommune, avd Kultur


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.