søndag 26. mars 2023

Den magiske urmakeren

 

Av Fredrik Opheim & Simen Moesgård
Illustrert av Kristin Olsen Askland
Bespoke publishing, 2022
137 s.
Målgruppe: ?
Bokmål

 

Far til Georg er urmakar og driv klokkebutikk i byen Milnoa og Georg på 10 år hjelper far sin i butikken. På faren sitt reparasjonsrom får ikkje Georg lov til å gå inn. Det er hemmeleg.

Ein dag kjem ikkje far til ut frå rommet til avtalt tid, og Georg snik seg inn på rommet. Han oppdagar at faren har forsvunne. På arbeidsbenken til faren ligg eit armbandsur. Georg prøver det og oppdagar at han kan reisa i tid.

På reisa møter han Kronos, han seier at er ven med faren og passar på at tida går som den skal. Han seier at far til Georg truleg sit fast i tida ein stad og at Georg er den einaste som kan redda han.

Då Georg kjem attende til si tid treff han systera si Guro.

Og boka handlar om korleis dei to reiser att og fram i tider med ulike klokker på jakt etter faren. Det er ikkje så stor spoiler å seia at dei mellom anna oppdagar at Kronos ikkje er snill og at det går bra til slutt.

Dette var ei merkeleg barnebok.

Boka har god skrift, store margar og fargerike illustrasjonar. Fyrsteinntrykket av omslaget var at den virka litt 70-/80-tals i design og teiknestil.

Innhaldet er også forvirrande. Det er ein progresjon i forteljinga, men den hoppar innom mange ulike element, som ei heks som vil eta borna, ein magisk leikebutikk, ein stad der Georg og Guro vert babyar, som er medvitne om at dei ikkje er det, ein snakkande fisk, astronautar og eit område som minnar om Area 51. Er det ei eventyrbok, ei science fictionbok? Eg tykkjer den freistar å vera mykje men endar difor med å ikkje vera noko av delane.

Det som er interessant for oss vaksne er at etter hovudforteljinga kjem eit kapittel som heiter «Til høytleseren», der forfattarane fortel kvifor dei har laga boka og også forklarar kvifor den er som den er, kvifor personane i boka heiter det dei heiter og kva alle dei ulike klokkene i boka har å seia.

Og det som kjem fram er at denne boka er laga av to veldig klokkeinteresserte menn frå Arendal, som har skrive historia for på ein måte å fortelja born om klokker, og få dei interesserte i desse. Det er også laga eiga nettside klokkeboken.no og forlaget er det også forfattarane som står bak.

Alle personane er på sitt vis ulike personar som har hatt innverknad på klokker i historia, og med klokker meiner ein då armbandsur.

Om resultatet er vellukka er eg meir usikker på. Historia virka for min del veldig variert og springande. Den har ein viss tråd med borna som leitar etter faren, men klokkeelementa som skal flettast inn vert diverre ikkje heilt vellukka.

Kven passar boka for?

Eg testa boka på ein 10 år gamal gut, og han vart ikkje fenga. Eigentleg tenkjer eg at vaksne som er over gjennomsnittet interesserte i armbandsur, kan ha glede av boka som ei slags «finn Willy» bok. Der dei skal freista å skjøna dei ulike klokkereferansane som ligg gøymt i personnamna og historia.

Kan hende teknisk interesserte gutar i 10-11 årsalderen kan lika boka, men den kan også virka for barnsleg på desse. Dei vil kan hende ha meir glede av kapittelet «Til høytleseren», som er meir teknisk av seg.

Boka er tenkt til høgtlesing, men igjen er eg usikker på for kva målgruppe.

 

Anmeldt av Roger Dyrøy, bibliotekar Mandal fengsel

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.