Illustrert av Anne Vålaug
Cappelen Damm, 2025
40 s.
Målgruppe: 4-9 år
Bokmål
Det fyrste som slår i mot deg når du har denne boka i handa er fargane. Det er ei fargerik bok, tvers i gjennom.
Boka handlar om tårneglarane (det er ein fugleart) Kvist og Krokus. Kvist er ein fugl som ikkje likar å trekkja til Zimbabwe i Afrika, men som held seg heime på husbåten sin heile vinteren. Og Det har han gjort i mange år.
Men ein dag landar tårnseglaren Krokus på båten hans. Krokus har forsove seg til trekket med dei andre fuglane. Kvist vil ikkje ha selskap om vinteren og tilbyr seg å hjelpa Krokus til Zimbabwe. Fyrst litt, så litt til og så litt til…..heilt til dei båe er i Zimbabwe. Og Kvist finn ut at det ikkje er så verst der likevel.
Boka er ei varm og fin forteljing med gode fargerike teikningar som skildrar dei ulike stemningane veldig godt. Og som også er gode til å få deg til å flira av dei ulike humoristiske tinga som skjer i boka.
Litt spenning er det også, men den må de lesa boka for å finna.
Litt merkeleg at fuglane bur i ordentlege hus. Og at husa i Afrika er fuglekassar. Fuglane og dyra har ein del menneskelege eigenskapar og tenkjemåtar, men det fungerer stort sett greit.
Forfattaren er illustratør og designar og har laga alfabetplakatar og illustrert ei bok tidlegare. Dette er hennar fyrste bok som både forfattar og illustratør. Boka eignar seg godt til høgtlesing og kan lesast av eller for born i alderen 4-9 år.
Omtalt av Roger Dyrøy, Fengselsbibliotekar