fredag 4. mai 2018

Nattmare

av Carina Westberg

Årstall: 2017 
Forlag: Ena 
Målform: Bokmål


Handling:
Det er snart sommarferie og Jonas ser fram til å dra å bade saman med kompisane sine etter siste skuletime. I friminuttet dukkar plutseleg Emilie opp.  Jonas ønsker ikkje å bli sett saman med ho. Ho spør om han vil bli med å sjå på hestane, og grille utanfor stallen seinare. Han har ikkje noko særleg lyst, men spør høfleg om klokkeslettet. Ho seier ho skal finne det ut, og spring glad av garde utan at han får sagt noko meir.

Etter skulen ser han at nokre gutar står rundt Emilie og mobbar ho. Han står bare og ser på , utan å gjere noko. Emilie ropar på han, men han bare bannar til ho og går inn i skulebussen. Etter denne hendelsen får han mareritt. Desse mareritta er ikkje som vanlege mareritt. Han vaknar etter draumane men klarar ikkje å bevege seg. Og ein mørk skikkelse nærmar seg senga hans. Jonas og bestevennen Sander finn ut at dei skal prøve å filme det som skjer om natta med Jonas. Sander held seg vaken ei natt hos Jonas og ser også denne mørke skikkelsen. Dei finn ut på nettet at det må vere ein «mare».

Dei les at ein mare kan vere ein kveler-demon. Og viss den byrjar å telje, så er det eit teikn på at den teljar tennene til offeret før den vil drepe den. Sander kjem med ideen at kanskje dette handlar om Emilie. Kanskje det er Emilie som har sendt «maren» til Jonas. Så Jonas bestemmer seg for å ta kontakt med Emilie og han blir med på eit ridestevne for å gjere opp for seg. Han blir med på låven for å finne noko høy.  Så blir det plutseleg mørkt og døra blir lukka. Emilie er forsvunne. Og ein kjent mørk skikkelse nærmar seg. «Maren» er tilbake. Og den teller!

Språk: Enkelt språk
Emne: vennskap, mobbing, dårleg samvit, gjere opp for seg, norrøn mytologi, grøss
Alder: frå 4.klasse og oppover

Vurdering: Boka er ei passeleg spennande grøsse-forteljing med andre gode tema fletta inn.  Boka har korte kapittel, med eit par illustrasjonar i kvart kapittel. Illustrasjonane er skumle og mørke, og er med på å auke spenninga Boka sluttar opent. «Maren» er klar til å ta Jonas. Vi får ikkje vite korleis det går.

Anmeldelse skrevet av Anne Kristine Arnesen, Åseral folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.