av Eldrid Johansen
Mangschou 2017.
206 s.
Boka handlar om Mathilde som saman med kusina Susanne og fedrene deira
reiser til Egypt.
Grunnen til dette er at mor til Mathilde var arkeolog, og døydde i ei
ulukke under ei utgraving i Egypt då Mathilde var lita. No vil dei reisa dit
for å få svar på om det verkeleg var ei ulukke og finna ut kva ho haldt på med
då ho døydde.
Undervegs i historia er det både mystiske hieroglyfar, som Mathilde
drøymer om på førehand, eit hemmeleg brorskap med det litt tamme namnet T3, og
all spenning og driv som egyptiske omgjevnader kan gje.
Det som kunne ha gjort boka enno betre ville ha vore eit kart over
Egypt innafor omslaget, og gjerne teikningar av hieroglyfane.
Boka er godt oppbygd med mange hint og frampeik som gjer at lesaren
heile tida kan tenkja mogelege konklusjonar og løysingar på dei ulike mysteria
som dukkar opp. Boka har fin spenning utan å vera skummel og er mest ei
mysteriebok.
Historia har to jenter som hovudpersonar, og eg vil nok tippa at jenter
vil lika denne boka best. I tillegg til å løysa mysteriet med mora sin død så
arbeider også Mathilde seg gjennom sorga, samt at ho får eit betre forhold til
far sin.
Mysteriet mora jobba med har også ein feministisk undertone.
Boka passer for barn/jenter i alderen 9-13 år som likar mysteriebøker, og
kan sikkert formidlast med hell til dei som likar Clue-bøkene til Jørn Lier
Horst. Og boka er eit veldig godt (eller enno betre) alternativ til vidare
lesing for dei som les Frøken Detektiv.
Anmeldels skrevet av Roger Dyrøy, fylkesbiblioteksjef Vest-Agder
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.