tirsdag 7. november 2017

Kan vi bare late som

av Camilla Sandmo
Forlag: Vigmostad Bjørke
År: 2017
Målform: Bokmål

Handling: Emma har gått på kunstløp-skøyter heile livet. På skulen føler ho seg usynleg. Men på kunstløpbanen er det annleis. Der har ho vener og føler at ho får det ganske bra til. Gjennom skøytingen treff ho Jossi.  Jossi spelar hockey med gutta. Vi leser mellom linene at Jossi er lesbisk, men at ho ikkje tør seie det rett ut med ei gong. Dei blir gode vener, og  imens venskapet mellom Emma og Jossi vert tettare, visar Andreas, ein av dei kjekke gutane frå hockeylaget,  interesse for Emma.

Etter mykje fram og tilbake slik som det ofte kan vere før nokon blir eit par, så blir Emma kjærast med Jossi, etter å ha prøvd seg fram litt med Andreas. Men nå er stemninga blitt litt annleis på skulen. I staden for å vere usynleg så blir Emma nå kviskra om, nokon Emma synes er endå verre enn å bare vere usynleg. Jossi foreslår at dei to skal kuppe kantina og klatre opp på eit bord å kline foran alle. Det gjer dei. Etterpå ser Emma at ho får skryt av den mest populære jenta på skulen på bloggen hennar for at ho var så modig. Emma har aldri følt seg så lykkeleg før. 

Plutseleg så vil ikkje Jossi svare på meldingane hennar lengre. Det viser seg at Jossi skal flytte tilbake til Spania, der ho eigentleg kjem frå. Og så har ho ikkje ville fortelje det til Emma.


Vurdering: Boka er fin for dei som likar dramatikk og kjærleik, og for dei som vil lese ei bok med homofil hovudperson som ikkje har det å kome ut av skapet som hovudtema. Det er eit bra driv i boka, stadig noko som er uløyst som driv spenninga framover. Boka ender ikkje heilt uproblematisk, noko eg synes er fint. Livet er som regel ikkje ein dans på roser.  Boka har likevel ei optimistisk tone på slutten, sjølv om vi ikkje får vite om kjærleiken sigrar til slutt. 

Språk: lett og greitt språk. Korte kapittel.  Mykje ironi. Litt grovt språk til tider.
Alder: passar for jenter frå ungdomsskule/vidaregåande.
Tema: forelsking, mobbing, einsemd, familie-konfliktar, homofili, tørre å være seg sjølv, vere god nok

Anmeldt av  Anne Kristine Øyna Arnesen, Åseral skule

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.