lørdag 30. november 2013

Oddingen

av Stefan Bachmann
Front forlag 2013
Bokmål


Vettefolket hadde på mystisk vis komen inni den vanlege verda. Dei trua styresmakta i England med magien sin. Ein vitskapsmann fann ut at urverk og jern fungerte som motgift mot magien til Vettene, og det førte til ein enorm  utvikling innan mekanikk og industri. Ved blant anna å setje klokkane til å ringje kvart femte minutt blei det brått slutt på magien. Etter ei tid var dei underjordiske vettene blitt ein del av England. Men det var nokon vetter som ikkje hadde gløymt kven dei var, og ønska å få vere «fri» igjen. Og når ein er ein del av styresmakta så kan man få til det meste...

Bartholomew og hans søster Hettie er oddingar, blanding av vette og menneske. Desse vil ingen ha noko med å gjere, verken menneske eller vette. Dei lev etter regelen: «ikke bli sett, så blir du ikke hengt.» Men ein dag vert Bartholomew sett. Samtidig står det i avisa at fleire døde born er funnen i elva. Det som er felles med desse borna er at dei er oddingar. Ein mordar er laus. Og Bartholomew er redd for at han er nestemann i elva...

Mr. Jelliby er ein velståande mann som sit i Parlamentet. Han er ein vanleg mann som eigentleg ikkje likar å vere med å bestemme. På slump kjem han over opplysningar som bringer han nær mordaren og han blir nøydt til å ta saken i eigne hendar og prøve å redde neste born på lista.

Alder:
Gode lesarar frå 10 år og oppover


Emne:
Fantasy, spenning, steampunkforteljing, kamp mellom det gode og det vonde.


Språk:
Eg synes boka har eit godt språk, innimellom veldig poetisk. Språket kan kanskje vere litt for vanskeleg for dei yngste av målgruppa. Boka er konsentrert om ei enkelthandling og er kronologisk, slik at handlinga er grei å følgje med på. Boka vekslar med å fortelje Bartholomew og Mr. Jelliby si historie i annankvar kapittel. 


Vurdering:
Dette er ei fantasybok som er spennande, underholdande, original og litt grotesk. Forlaget samanliknar boka med Harry-Potter-serien og det kan eg forstå. Men den er likevel veldig annleis enn Harry Potter. Den har som Harry Potter eit magisk univers som er fascinerande. Mekaniske innretningar som ikkje finnes i vår verd, finnes i dette universet. Samtidig er det som om me er tilbake i tid, der heste-drosjer, gasslys og tenarskap er vanleg. Men hestane er erstatta med utanomjordiske vesen og gassen i gatelysa er små fe-ar som er innestengt i lykta.

 
Anne Kristine Arnesen, Åseral folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar